Omvendtvev

Eit kollektivt kunstprosjekt

Når du bruker Omvendtveven inngår du i eit felleskap med andre.

Omvedtveven inngår óg i ein forskningsprosjekt der eg undersøker samanhengar mellom tanker og trådar, materialer og mennesker. *

Når eg tok med Omvendtveven med ut frå atelieet merka eg fort at Omvendtveven vekka interesse hos alt frå viltre ungar i skulealder til eldre damer på utkikk etter kantebånd. I tillegg til dei midt i mellom som berre ynskja seg litt sjelefred. Eg sel dei derfor enkeltvis, med ferdig renning og bruksanvisning til korleis du kan lage ny. Det er også mogleg å bestille klassesett. Ynskjer du å lage din eigen så merk den gjerne med Omvendtvev, så inngår den i prosjektet.

Om du tar bilde når den er i bruk og merkar det med emneknaggen #omvendtvev i sosiale medier, så kan flettverket vårt bli synleg!

Oppdateringar på prosjektet vert plublisert på denne sida etterkvart som det utviklar seg.

* Prosjektet er inspirert av mellom anna japansk håndverk, tankar henta frå boka “The Craftsman” av Richard Sennett og ein artikkel av Tone Pernille Østern («Å forske med kunsten som metodologisk praksis med aesthesis som mandat» 2017)